fredag 25. juni 2010

Sommar og sol

No har dei aller fleste av KRIK Oslo sine lokallag tatt sommarferie (med unntak av 26+ som trenar saman med Student-KRIK i Frognerparken, onsdagar klokka 19 gjennom heile sommaren).

Vårsemesteret vart avslutta med ein heidundrandes KRIK-trening (Verdas Største KRIK-Trening) der oppimot 100 menneske var til stades. Til og med langvegsfarande KRIK-fanatikarar frå Østfold hadde tatt turen nordover for å nyte idrett, Jesus og jordbær saman med oss i KRIK Oslo. Takk for det!

Me i KRIK Oslo takkar for engasjementet frå dei ivrige initativtakarane, og vonar at hendinga vil skje igjen til neste år.

Av saker som kan nemnast før me tar ferie og reiser på leir:
- Det er fortsatt ledig plass i bussen til Arena. Sjekk ut http://pilot.krik.no/diverse/bussarena/bussarena.php for påmelding.
- Buss til Action har KRIK Akershus ansvaret for. Eraringsmessig er det fortsatt ledig, men dette må avklarast med akershus@krik.no. Påmelding skjer på www.krik.no
- Mange lokallag startar opp igjen til hausten. Me håper å kunne få sendt ut info på nettsida når det skjer.
- Og til slutt: Ein DM sluttar, og ein kjem til. Magne Sturød er no ansatt i ei 20-prosentsstilling hjå KRIK Oslo. Han tek over etter Vegard Tjørhom som sluttar.
Her er det den nye DM'en Magne Sturød (t.v) som et jordbær saman med Margrethe og Hans Petter som begge er med i KRIK Team Oslo, og arrangerte Verdas Største KRIK-trening (VSKT)