tirsdag 20. april 2010

Konf.KRIK-messe!

Førstkommende torsdag er det ventet rundt 250 konfirmanter til Majorstua kirke for årets Konf.KRIK-messe. Store deler av årets unge, håpefulle konfirmanter vil samles i en kirke til en annerledes gudstjeneste.

Astrid Jacobsen (bildet) vil komme og fortelle om troen, toppidrettssatsingen og konfirmanttiden sin.

Knut Tveitereid, som er velkjent for sine evner til å tale for ungdom, skal dele noen velvalgte ord med forsamlingen.

Vi i KRIK Oslo gleder oss til torsdag klokken 18. Vel møtt!

tirsdag 6. april 2010

Leiarhelg i Nordmarka

Ei helg for ikkje så alt for lenge sidan fekk Nordmarka den store æra av å få besøk av lokallagsleiarar i KRIK Oslo.
Berre ein liten skitur inn frå Frognerseteren, ligger Nordmarkskapellet og Lagshytta, som var målet for gjengen.

Laurdag var det skileik på programmet. Adrenalinet pumpa i dei fleste årene i ei mils omkrets då det var klart for langrennskihopp i bakken nedanfor kapellet.

På biltete under er det prøvehopper Audun Vetrhus (fylkesstyret) som tester spensten og flyteevnene. Det heile endte med eit solid rumpemerke som skulle vise seg å sette standarden på nivået til gjengen.

Mange trynte, men ikkje alle gjorde det i samme, elegante stil som Torstein Mjøs (Team Oslo)

Etter hoppinga fulgte skiskyting. Her er Island, Rwanda og Bahamas inne til skyting på andre etappe.


Kristin Bjorå (KRIK Vålerenga) som representerer Rwanda i full driv, med skibuksa langt oppunder armholene.

Vinnarar av skiskytterstafetten vart Island, her representert ved Kåre Sigridnes (Student-KRIK)

Mr. Vetrhus var ikkje berre prøvehopper. Han revansjerte det flaue fallet med å briljere med sine grillmesterkunstner.

Solvår Wennersgaard (Student-KRIK, Sportsstyret) satte stor pris på pølsa til Audun. Bente Abusdal (KRIK St.Hanshaugen) er litt meir skeptisk.

Det var faktisk akkurat så koselig som det ser ut som!


Kristine Asprusten (KRIK Ris) la aldri skjul på at ho likte seg på tur.

På kveldstid var det som oftast mat som stod på programmet. Distriktsmedarbeier Erlend Skeie Langeland, hadde sørga for at alle fekk mat (og VEL så det) ved å gå inn og ut til Nordmarkskapellet med sekken full av matvarer heile tre gonger.


Me i KRIK Oslo vil takke våre fantastiske leiarar for ei utruleg flott helg med mykje moro! Me vonar det ikkje vert lenge til neste gong me kan sjå dykkar vakre åsyn, og at endå fleire leiarar vert med neste gong!