lørdag 28. november 2009

KRIK Oslo-kveld på kontoret

I KRIK Oslo finnes det mange lokallagsleiarar. Me liker å kalle dei KRIK Oslo sine kvardagshelter. Ein gjeng med unge, lovande menneskje, som bruker deler av fritida si på å dele KRIK-opplevingane sine med Oslo sin yngre garde. Utan denne gjengen hadde ikkje KRIK Oslo vore til.

Me hadde veldig lyst til å verta betre kjent med desse folka. I tillegg hadde me eit sterkt ønske om at også dei ulike leiarane skulle verta kjende med kvarandre, og sjå kva som rørte seg av gode mennesker i distriktet vårt. Me bestilte pizza til den store gullmedaljen, stengte KRIK-kontoret for alle andre, tok fram dei sosiale sidene våre og inviterte alt som kunne krype og gå av lokallagsleiarar.

Rundt 45 personer var med på kvelden. Det er med stor iver og glede eg vil dele eit par bilete frå kvelden.

People are hangin' around n' talkin'.

Kommande barneskulelærar, Skeie Langeland, fortel om korleis frifondsmidler fungerer.

Me vonar det framtidige samarbeidet vert like godt som samholdet var den kvelden...